Vestlandet er vilt, vått og vakkert. Det er mykje natur, mykje av alt, og det pregar både matvareproduksjonen og tradisjonane våre.
I generasjonar har vi salta og tørka, røykt og hengt både kjøt og fisk. Framleis blir laks og lammekjøt, bacon og pølser røykt i eldhus som fyrast med spon og einer. Det gir spekemat og pinnekjøt, flesk og røykelaks med ein heilt unik smak.
På Vestlandet står vi med føtene i havet. Vi er kjende for tilgangen på fersk fisk og sjømat, og også for all den gode fiskematen som vert laga her.
I grøne lier langs dei lange fjordane våre ligg nokre av Noreg sine frodigaste frukt- og bærbygder. Dei forsyner heile landet med søte bringebær, gylne eple, pærer og plommer – og på gardane lagar dei fantastisk fruktsaft som både sprudlar og leskar.
På Vestlandet er det små gardsbruk og små tilhøve. Det gir eit mangfald og ein nærleik til naturen og det dei produserer. Derfor er vi ekstra stolte av å kunne stø opp om lokale produsentar og sørge for at du får tilgang til noko av det beste av det dei har å by på.
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen din. Noen er nødvendige for at nettsiden skal fungere, mens andre hjelper oss med å tilpasse og skreddersy tjenesten best mulig for deg.
Vi benytter både egne informasjonskapsler og fra tredjepart. Du velger selv om vi vil godta alle eller gjøre egne innstillinger.
Du vil nå motta en epost med informasjon om kampanjen og medlemsfordelene i Coop Hordaland. Del den gjerne videre med din venn.
Lykke til !